Innsett blei tilsett

5. mai 2021
GK Rør tok sjansen på å tilsetje ein straffedømd. Dei fekk ein dyktig røyrleggar, «Lars» fekk ein heilt ny start, og samfunnet sparte mykje pengar.

Alle veit at det ikkje er lett å få jobb når du søkjer frå eit fengsel og har store hol i CV-en. Eg aner ikkje kor mange søknader eg sende utan å få napp, men det var ikkje få, seier «Lars». Saman med arbeidslaget sitt frå GK Rør har han vore med på å totalrenovere varme- og kjøleanlegget ved eit av bygga til Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Porsgrunn, der Statsbygg er byggherre og oppdragsgivar.

Lars er ikkje det verkelege namnet hans, men vi kallar han det fordi han har sambuar og barn å ta omsyn til. Kvardagen som fri mann er enno såpass ny at mange rundt han ikkje veit at han har sona ein dom. Akkurat det er eit sentralt punkt for Tobias Hofsøy. Han er dagleg leiar i Sammen for livet (SFL), den ideelle organisasjonen som skaffa Lars jobben.

Ein ny sjanse

– Lars har sona straffa og gjort opp med samfunnet. Likevel er vegen frå innsett til tilsett svært krokete og vanskeleg for dei fleste, seier Hofsøy, som har jobba ti år i fengsel.

– Eg er ikkje redd for folk med den bakgrunnen, eg veit at mange av dei har mykje å bidra med og fortener ein sjanse.

Sjølv om mange arbeidsgivarar er skeptiske, går det ofte bra om vi får til eit møte. No som fleire hundre tusen er arbeidslause på grunn av koronaen, er det ekstra vanskeleg.

Det var Hofsøy som tok kontakt med GK Rør og lurte på om dei var villige til å gi Lars ein sjanse. Han hadde tatt teorien, men trong lærlingplass som røyrleggar. Avdelingsleiar Nicolai Hodne tok utfordringa og møtte Lars i fengselet.

– Å prate med Lars skapte større tryggleik hos meg, fortel Hodne. – Han hadde vore gjennom ein prosess i fengselet i regi av Sammen for livet, det var viktig for meg som arbeidsgivar. Dette var ikkje noko lågterskeltilbod, du må vere motivert for å delta, understrekar han.

Drøymejobben

Til ei kvar tid sonar fire tusen innsette ein dom i norske fengsel. For ein organisasjon som SFL er det uhyre viktig å plukke ut dei som er verdt å satse på. Om éin innsett misbrukar sjansen sin, kan det gjere at andre ikkje får sjansen.

– For å ta imot folk som har sona må du ha eit godt hjarte. Mange potensielle arbeidsgivarar er usikre, dei spør nesten alltid kva slags dom vedkomande har fått, seier Hofsøy. Fengsla tilbyr arbeidstrening, men det får ofte preg av sysselsetting som ikkje har særleg mykje til felles med arbeidslivet utanfor murane. SFL fokuserer på å kartlegge ressursane til dei innsette og finne ut kva slags jobb dei drøymer om. Så prøvar dei å finne rett arbeidsgivar.

– Gjennom tett samarbeid med Kriminalomsorga har vi fått til mange gode tilbakeføringar til arbeidslivet og samfunnet, seier Tobias Hofsøy, som understrekar at SFL ikkje kunne fått til alt dei gjer utan dette samarbeidet.

– Det gjeld å tenke utanfor boksen. No har vi cirka 70 som er tilsette og gjer ein god jobb i privat næringsliv.

Kostbar kriminalitet

Hofsøy skulle ønske stat og kommune kunne bli flinkare til å komme på banen. Nålauget for innsette ser ut til å vere trongare der enn i det private næringslivet.

– Det er litt underleg når vi tar omsyn til at ein gjennomsnittleg kriminell kostar samfunnet ti millionar kroner i året, medan ein innsett kostar ein million. Dessutan er det mange som blir lauslatne med ei ikkje ubetydeleg gjeld til samfunnet. Kanskje skylder dei éin til to millionar i sakskostnader eller erstatning. Då kan det fort lønne seg å gå på NAV framfor å jobbe.

– Når du ikkje er kredittverdig får du korkje tv-abonnement eller mobiltelefon, og då kan vegen tilbake til kriminell verksemd bli kort, påpeikar Hofsøy.

Lars hadde også gjeld, men byrja i jobben hos GK Rør åtte månader før han blei ein fri mann. Kvar morgon klokka seks tok han bussen utanfor fengselet, og tolv timar seinare var han tilbake på cella. Fordi han fekk lønn tok fengselet betalt for kost og losji, men resten sparte han. Då han hadde sona ferdig, var Lars gjeldfri og kunne starte det nye livet med blanke ark.

Berekraftig

– Vi tilsette Lars som hjelpearbeidar, slik at han fekk høgare lønn enn han ville ha fått som lærling. Han hadde seks månaders prøvetid som alle andre, seier Nicolai Hodne.

– Som teknisk entreprenør er vi opptatte av å vere ei berekraftig føregangsbedrift, så tilsetjinga av Lars passa som hand i hanske. Det er fint å bidra til at ein innsett kan gå frå å vere ein utgiftspost til å bli ein inntektsbringande tilsett. Vi ønskte oss ein flink, stabil røyrleggar, og det har vi fått.

– Eg synes det er utruleg flott at Nicolai som arbeidsgivar tok seg tid til å komme og prate med meg i fengselet, seier Lars.

– Eg har blitt veldig godt mottatt på jobb, og sjølv om gutane veit om bakgrunnen min er det ingen som har sagt noko om det. Miljøet er heilt annleis og mykje betre enn forventa. Eg er glad i å bruke hendene og kroppen og trivast med folka og med jobben, så no er det meste på stell.

Lars har alltid vore eit morgonmenneske, så det går fint å stå opp og kome seg på jobb. Sjølvtilliten stig i takt med at han meistrar arbeidsoppgåver han trong hjelp til i byrjinga. Målet er å ta fagbrev ved juletider.

Heiagjeng

SFL følgjer opp tidlegare innsette i cirka tre år. Alle er inne hos dei til ei vekes kurs, der kartlegg ein også draumar, ønske og planar for det nye livet. Dei har vore eit viktig bindeledd mellom Lars, GK Rør, fengselet og NAV.

– Sjølv om eg har gjort noko gale, er det mange som har hjelpt meg og heia på meg. Sammen for livet, sjølvsagt, men også tilsette i fengselet. Det er eg veldig takksam for, seier Lars.

I dag synest han livet er bra, også utanfor jobben. Saman med kompisar lagar han musikk, skriv tekstar og bidreg med teknikken. Han har også planar om å ta førarkort.

– Den store draumen er å få til familielivet. Å vere der for dottera mi, bidra til at ho får eit bra liv. Ho er den viktigaste grunnen til at eg står opp og går på jobb.

Se også:

Inkludering og mangfold
Les mer